Sogn gruve

From Wikipedia, the free encyclopedia

Sogn gruvemap
Remove ads

59°58′16″N 10°44′26″E Sogn gruve er ei tidlegare gruve ved Sognsvann i Oslo. Gruvedrifta byrja i området mellom Vettakollen og Sognsvann, då prost Morten Krabbe i 1540 oppdaga at det var jernmalm (magnetitt) i området. Gruvene vart gravne ut mellom anna ved hjelp av fyrsetting, ein metode som vert spegla att i gruva sitt kvelva tak. Ved fyrsetting vart steinen varma opp til han vart sprø og ettergjevande.

Thumb
Sogn gruve

Denne praksisen heldt fram til 1800-talet, då ein i større grad byrja med meir effektiv krutsprenging. Gruvedrifta heldt fram til 1854. Gruva er i god stand, i tilhøve til mange andre byggverk frå denne tida. Igjen står sjølve gruva, eit platå som vart brukt til hestevandring, nokre mindre hus, og dessutan enkelte steinfundament og murar.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

  • Sogn gruve i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads