Sohar

From Wikipedia, the free encyclopedia

Sohar
Remove ads

Sohar (arabisk صُحار, òg skrive Sohār eller Suhār) er hovudstaden og den største byen i Al Batinah Nord guvernement i Oman. Det er ein gammal hovudstad i landet og var ein gong ein viktig, islamsk hamneby,[1] Sohar er òg rekna som den mytiske fødestaden til Sinbad sjøfararen.[2]

Kjappe fakta Land, guvernement ...

I følgje ei folketeljing i 2010 hadde Sohar 140 006 innbyggjarara, som gjer han til den femte største byen i Oman.[3] Utviklinga av Sohar industrihamn i 2000-åra har omgjort byen til eit stort industrisenter i Oman.

Remove ads

Historie

Som den største byen i regionen, er det blitt hevda at Sohar er identifisert som oldtidsbyen Omana, som var nemnt av Plinius den eldre i hans Naturhistorie. Ein trur denne busetnaden har gjeve namn til Oman.[4]

Mange av innbyggjarane i Sohar kjem frå Al-Alawi-stamma.

Klima

Sohar har eit varmt ørkenklima (Köppen si klimaklassifisering BWh) med særs heite somrar og milde vintrar. Her kjem lite nedbør og meir enn halvparten av årsnedbøren kjem i februar, medan somrane er heilt tørre.

Meir informasjon Vêrdata for Sohar, Jan ...
Remove ads

Industri

Det er gjort store investeringar i Sohar, særleg i hamna i Sohar. Hamna vart grunnlagd i 2002 på grunn av den strategiske plasseringa nær Hormuzsundet. Ho vart driven av Sohar Industrial Port Company (SIPC). Dei noverande investeringane har passert 12 mrd. dollar.

Idrett

Sohar Regional Sports Complex er hovudareanen for idrett i byen.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads