Solbakk
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Solbakk er ei bygd i Strand i Rogaland. Staden ligg ved Rv13 om lag fire km. sør for Tau i Ryfylke. Solbakk har om lag 90 innbyggjarar (2007)[treng kjelde], og har i miljøstasjon, kommunal kai og båthamn. Kaien fungerer som reservekai for Jørpeland kai når isen legg seg i Jørpelandsvågen, og snøggbåtane ikkje kjem til.
Remove ads
Solbakktunnelen i det planlagde fastlandsprosjektet mellom Ryfylke og Nord-Jæren; Ryfast, vil koma opp i dagen om lag ein km. nord for Solbakk. I tilknyting til Ryfast er det planlagt bygd bussterminal og tilhøyrande parkeringsplass for personbilar og bussar like nord for Solbakk båthamn.
Gjennom øvre Solbakk går fylkesveg 524 i Rogaland som leier frå riksveg 13 via Heiabakkane og Nes, til Heia.
Remove ads
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads