Solbergfoss kraftverk
vannkraftverk i Indre Østfold kommune, Østfold fylke, Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Solbergfoss kraftverk er eit vasskraftverk i elva Glomma i Indre Østfold kommune i Østfold fylke. Det er eit elvekraftverk og det er laga ei demning over elva som saman med fossen utgjer eit fall på 14 meter. Gjennomsnittleg årsvassføring i Glomma ved anlegget er 689 m³/sekund.
Anlegget består av to kraftstasjonar:
- Solbergfoss I blei sett i produksjon i 1924 med seks francisturbinar. Det er seinare installert ytterlegare sju turbinar av same slag. Total kapasitet er 108 MW. Kraftstasjonen ligg i dagen og er teikna av Bredo Greve.
- Solbergfoss II starta produksjonen i 1985 og er utstyrt med ein kaplanturbin på 100 MW. Stasjonen er sprengt ned i fjellet.
Snitt årsproduksjon er 900 GWh.
Kraftverket er ått av E-Co Energi 64,4 % og Statkraft med 35,6 %.
Remove ads
Kjelder
- Denne artikkelen byggjer på «Solbergfoss kraftverk» frå Wikipedia på bokmål, den 10. februar 2011.
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
- E-Co Energi Arkivert 2016-03-04 ved Wayback Machine.
- NVE Arkivert 2011-03-06 ved Wayback Machine.
- Statkraft
- Wikipedia på bokmål oppgav desse kjeldene:
Bakgrunnsstoff
- Solbergfoss kraftverk i kulturminnesok.no, nettstaden til Riksantikvaren
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads