Solbu
barnebok av Halvor Floden From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Solbu er ei barnebok frå 1953 av Halvor Floden.[1] Boka veksler mellom realistisk/pedagogisk forteljing om ein birøktarfamilie, og ein faktaforteljing der forteljaren og hans tilhøyrarar har krympa og flyg omkring inne i bikuba for å lære om åtferda til biene.[2]
Remove ads
Bakgrunn
Da boka kom ut, hadde Floden hatt kunstnarløn sidan 1950, og slutta som lærar.[3] Sonen Gunnar Floden hadde overtatt småbruket Svea (Schulstadsvea) etter faren i 1948.[4] Halvor Floden vart enkemann i 1952, da kona Anne døydde. Han hadde 4 vaksne barn,[5] og sju barnebarn, født 1943–51.[6]
Innhald
Den realistiske rammeforteljinga i boka går føre seg på plassen/heimen Solvoll, der barna Ådne (7) og Bjørg (5) bur saman med foreldra. Faren Ivar er vegingeniør, og reiser bort på arbeid idet boka tar til. Mora Astrid er redd for bier, slik at Ådne får det meste av ansvaret for biene medan faren er borte.
Boka er på 118 sider. Den første bolken med faktaforteljing fra inne i kuben foregår på sidene 11-48. Vendepunktet i boka er at biene svermer. Det blir fortalt fra biene og menneska sin synsstad i kapitla «Den store utferda» (side 67-70) og «Ådne greier floken» (side 71-74). I resten av boka handlar det om korleis de to nye bisamfunna skikkar seg, sett innanfrå og frå Ådne sin synsstad.
Remove ads
Omtale
Bokmeldaren A.H. Helland i Syn og Segn meinte at Solbu er «dramatisk og spanande som i dei beste bøkene hans», og at kunnskapsstoffet er levande og godt lagt til rette med «ein underfundig humor».[8] Meldaren Olav Skjerven i Sarpen og Sogn og Fjordane meinte at boka var «eit morsomt eventyr» og «nærmest å regne som faglitteratur».[9][10]
Barnebokhistorikaren Sonja Hagemann peiker på at Floden «nytter den pussige sosialøkonomiske sjargong som kom på moten i 1950-årene … Hentydningene til vårt prektige menneskesamfunn ligger simpelthen i den måten han naturlig ordlegger seg på», uten at det er satire.[11][12]
Johan Østby i Østlendingen meinte at boka var prega av «pedagogisk innsikt og psykologisk kunnskap om menneskje og dyr».[7] Gunvor Debes i Nationen meinte at Floden haddde «laget en koselig ramme om all den interessante viten som blir så fint og stillferdig puttet i oss», men meinte og at vekslinga mellom to handlingsplan var inkonsekvent og rotete.[13] Meldaren Sigvard Sørebø i Firda Folkeblad meinte at dette var moderne pedagogikk, utan pugg.[14] Meldaren i Aftenposten meinte at boka var «livlig, humoristisk og likefrem spennende», men var usikker på om barn hadde interesse for så mye kunnskap om ett emne.[15]
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads