Husfred

From Wikipedia, the free encyclopedia

Husfred
Remove ads

Husfred (Soleirolia soleirolii) er ein fleirårig plante i neslefamilien. Han er krypande og teppedannande med ovale, grøne blad som er 3-4 mm lange.

Thumb
Husfred i potte.
Kjappe fakta

Husfred stammar frå Korsika og Sardinia. Han er den einaste nolevande arten i slekta Soleirolia.

Husfred trivst i fuktige område. Han er som regel eviggrønn, men kan forsvinna om vinteren i kjølege område før han kjem tilbake om våren.

Han er også blitt dyrka som hageplante og i kaldare strøk som husplante. Han kan mellom anna veksa i sprekker mellom heller, i steingardar og i steinbed. Nokre stader kan planten få for godt fotfeste og bli til eit ugras i bed og plenar. Sidan planten kan spreia seg gjennom vegetativ formeiring av små plantebitar, kan han vera svært vanskeleg å bli kvitt.[1]

Remove ads

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads