Solvang i California
ein smak av Danmark From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Solvang er ein by i Santa Barbara County i delstaten California i USA. Solvang er ein av stadene som i Santa Ynez Valley. Solvang ligg 74 km nordvest for Santa Barbara og 35 km aust for Lompoc. Folketalet i Solvang i 2010 var 5 245 innbygjarar.
Remove ads
Eit stykke Danmark i USA
Byen vart grunnlagd av ei gruppe danske lærarar som reiste lengre vest frå Midt-Vesten for å kome seg bort ifrå den kalde vinteren der. Her vart det skapt eit lite stykke Danmark. Dei fleste namna er danske og husa er bygd i tradisjonell dansk stil. Her finst «danske» restaurantar, bakeri, butikkar, vindmøller og til og med kopier av Den lille havfrue og Rundetårn i København. Mange av dei bufaste i Solvang snakker dansk.
Remove ads
Galleri
- Statue av Hans Christian Andersen i Solvang
- Bakeri/konditori i Solvang som sel danske bakervarer
- Rundetårn i Solvang
- Tivolitorvet i Solvang
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads