Solveig Barstad

norsk programleiar From Wikipedia, the free encyclopedia

Solveig Barstad
Remove ads

Solveig Margrethe Barstad (fødd 4. desember 1966) er ein norsk programleiar for TV 2.

Kjappe fakta
Remove ads

Bakgrunn og familie

Solveig Barstad vart fødd i Førde. Ho har hovudfag i statsvitskap og grunnfag i historie og offentleg rett frå Universitetet i Oslo.

Barstad er dotter av Helge Barstad og syster av Hilde Barstad, begge Høgre-politikarar. Saman med systera var ho aktiv i Unge Høgre i 1980-åra og tok del i elitekurset til Unge Høgre i 1986.[1] Solveig Barstad er gift med Høgre-politikaren Jan Tore Sanner.

Karriere

Solveig Barstad arbeidde tidlegare i NRK Dagsnytt og har vore journalist i NRK Sogn og Fjordane og kanalvert i NRK. Sidan 1995 har ho vore knytt til TV 2, fyrst som programleiar og redaksjonsleiar i God morgen Norge før ho i 2000 tok over som programleiar i TV 2 hjelper deg etter Arve Juritzen.[2] Barstad har òg leidd program som Redd ferien min og Matkontrollen på TV 2.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads