Solveig Fiske

norsk prest From Wikipedia, the free encyclopedia

Solveig Fiske
Remove ads

Solveig Margrete Fiske (fødd 26. oktober 1952) er ein norsk luthersk teolog og biskop. Ho var biskop i Hamar bispedømme 2006–2022.[1]

Kjappe fakta
Remove ads

Liv og virke

Fiske kjem opphavleg frå Frei i Møre og Romsdal. Ho tok teologisk embetseksamen ved Menighetsfakultetet i Oslo i 1980, og praktisk teologisk eksamen ved same lærestad i 1981. I januar 1982 vart ho ordinert til prest.[2]

Solveig Fiske har hatt heile prestetenesta si i Hamar bispedøme. Ho byrja som residerande kapellan i Elverum i 1981, med hovudteneste i det austlege soknet i prestegjeldet: Hernes, Sørskogbygda og Nordskogbygda. Ho vart i 1994 sokneprest i Løten. Frå 2005 til 2006 hadde ho eit engasjement som personalsjef ved Hamar bispedømekontor.

Fiske vart utnemnd til biskop i Hamar bispedømme den 13. oktober 2006, og vigsla til biskop ved gudstenesta i Hamar domkyrkje søndag 17. desember 2006. Presesen i bispekollegiet, biskop Olav Skjevesland, stod for seremonien.

Fiske har vore leiar av Norsk kvinnelig teologforening, og vore engasjert i kvinnene sin situasjon i kyrkje og samfunn, også i internasjonal samanheng. Ho har også vore styreleiar i Kirkens ressurssenter mot vold og seksuelle overgrep.[2]

Ho er gift med sjukehuspresten Guttorm Eidslott, og er svigerdotter til lyrikaren Arnold Eidslott.

I samband med jula 2006 gav ho i eit intervju med NTB tilkjenne at ho ville arbeide for eit ritual for inngåing av partnerskap for homofile i kyrkja, og at ho var tilhengjar av statskyrkjesystemet.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads