Somebody to Love av Queen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Somebody to Love» er ein song av det britiske rockebandet Queen, skriven av Freddie Mercury. Han vart gjeven ut på albumet A Day at the Races i 1976 og finst òg på samlealbumet Greatest Hits.[1]

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Songen er noko lik den tidlegare hitten til Queen, «Bohemian Rhapsody», med komplekse harmoniar og gitarsoloar, men i staden for å etterlikne eit engelsk kor, etterlikna dei denne gongen eit gospelkor. Singelen nådde andreplassen på singellista i Storbritannia og 13. plassen på Billboard Hot 100 i USA.[2][3] Songen gjorde det klar for fansen at «Queen kunne swinge like hardt som dei kunne rocke, med å kanalisere anda frå gospelmusikken.»[4]

Songen var skriven av Mercury på piano og er ein sjelegranskande song som stiller spørsmål om Guds rolle i eit liv utan kjærleik. Queen la på lag på lag med vokal og skapte slik eit gospelkor med 100 stemmer, ved hjelp av berre tre: Mercury, Brian May og Roger Taylor. John Deacon song ikkje korvokal på albuma deira. Mercury var inspirert av Aretha Franklin for denne songen.

Queen spelte «Somebody to Love» på konsertar mellom 1977–85, og eit konsertopptak av songen finst på albumet Queen Rock Montreal.[5] I tillegg til desse vart songen framført på The Freddie Mercury Tribute Concert i 1992 med George Michael på solovokal.[6]

Remove ads

Medverkande

Andre versjonar

  • George Michael framførte songen med Queen under Freddie Mercury Tribute Concert i april 1992.[6]
  • Anne Hathaway song songen i rolla si som Ella i filmen Ella Enchanted.[7]
  • Brittany Murphy song denne songen i filmen Happy Feet i rolla som Gloria.[8]
  • I filmen Late Last Night, syng Steven Weber songen.

Salstrofé

Meir informasjon Region, Salstrofé ...

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads