Somos novios

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Somos Novios (It's Impossible)» er ein song opphavleg skriven og spelt inn av den meksikanske låtskrivaren Armando Manzanero i 1968.[1] Den originale innspelinga til Manzanero vart innlemma i Latin Grammy Hall of Fame i 2001.[2]

Meir informasjon Låtskrivar(ar), Armando Manzanero-kronologi ...
Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...
Meir informasjon Låtskrivar(ar), Andrea Bocelli med Christina Aguilera-kronologi ...
Remove ads

Innspelingar

Songen vart omsett til engelsk i 1970 av Sid Wayne.[3] Han vart først spelt inn av Perry Como same året under tittelen «It's Impossible».[4] Songen vart ein av dei mest populære bolero-songane gjennom tidene. Utanom Como, er songen spelt inn av Elvis Presley, Andy Williams, Robert Goulet, The Three Degrees, Jerry Vale, Dennis Brown, Andrea Bocelli og Frankrikes Yip i tillegg til fleire andre.

Como-versjonen vart ein av dei største hittane hans, og i februar 1971 vart han den første songen hans som nådde toppen av Billboard Hot 100 på meir enn 12 år. Songen gjekk til topps etter òg å ha nådd toppen av Billboard Easy Listening-lista.[5] Singelen nådde fjerdeplassen på UK Singles Chart i 1971.

Vikki Carr spelte ein versjon av songen i 1972 på The Tonight Show Starring Johnny Carson. Sergio Franchi spelte inn denne songen (på engelsk) på det siste albumet sitt, Sergio Con Amore-From My Private Collection (Gold Records, 1976).[6]

Andrea Bocelli framførte songen som duettar med Christina Aguilera, Katharine McPhee og Rimi Natsukawa i 2006. Aguilera er med på Bocelli-albumet Amore, medan duetten med Natsukawa er bonusspor på albumutgåva i Japan.[7][8]

Songen vart spelt inn av den italienske songaren Mina i 1988 på albumet Ridi Pagliaccio.

Tejano-gruppa Mazz spelte songen som ein del av ein medley kalla «Canciones De Amor» på albumet Para Nuestra Gente.

Julio Iglesias spelte inn songen, på engelsk, i 2006 på albumet Romantic Classics.

Luis Miguel spelte inn ein versjon av songen på albumet sott Segundo Romance, som vart produsert i lag med Manzanero. Manzanero sjølv spelte inn songen som ein duett med den puertoricanske songaren Olga Tañón i 2001 på albumet Duetos.

Clay Aiken spelte inn songen i 2010 på albumet Tried and True.

Ein versjon av songen vart brukt i slutten av ein av episodane til Netflix-serien Grace and Frankie med Jane Fonda og Lily Tomlin.

I 2016 spelte Marina Prior og Mark Vincent inn songen på albumet sitt Together.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads