Song for Guy
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Song for Guy» er eit nesten instrumentalt musikkstykke av Elton John. Det er den siste songen på albumet hans A Single Man frå 1978.
Elton John sa sjølv dette om singel i plateomslaget:
«...Eg skreiv denne songen ein sundag, og såg for meg meg sjølv flyte ut i rommet og sjå ned på min eigen kropp. Eg førestilte meg sjølv døy. Med desse tankane i meg skreiv eg denne songen om døden. Dagen etter fekk eg vite at Guy (Burchett), vår 17 år gamle bodbringar, hadde omkomme i ei motorsykkelulukke dagen før. Guy døydde den dagen eg skreiv denne songen.»[1]
Songen er bygd opp av piano, ein trommemaskin og synthesizerar. Mot slutten av songen syng Elton John «Life, isn't everything» fleire gonger.
Singelen nådde fjerdeplassen i Storbritannia. Han vart ikkje gjeven ut i USA før mars 1979 og nådde då berre 110. plass.
Remove ads
Medverkande
- Elton John - piano, mellotron, polymoog, synthesizer, tekst
- Ray Cooper - windchime, shaker
- Clive Franks - bass
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads