Songen Fireball
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Fireball» er opningssongen på albumet med same namn av det engelske rockebandet Deep Purple. Det var den andre singelen til Deep Purple i 1971.
Songen byrjar med ein suselyd (som er lyden av luftavkjølinga i studioet som stoppar opp) før trommene byrjar i andre takt i eit tempo på 240 bpm.
«Fireball» er ein av få Deep Purple-songar frå denne tida utan gitarsolo. I staden har han ein bassgitarsolo i fiss-moll som så modulerer inn i ein orgelsolo i h-moll. Songen vert tona ut i slutten.
«Fireball» (take 1 - instrumental) er eit bonusspor på den nymastra utgåva av Fireball og denne har ein gitarsolo i slutten, ved 3:30, etter at den originale versjonen har tona ut.
Det er ein av få Deep Purple-songar der Ian Paice nyttar doble basstrommer. Når songen vart spelt på konsertar, tok ein scenearbeidar inn ei ekstra basstromme for songen, og fjerna han etter songen var over.
Remove ads
Medverkande
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads