Songen Heartlight
song av Neil Diamond From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Heartlight» er ein song skriven av Neil Diamond, Carole Bayer Sager og den dåverande ektemannen hennar Burt Bacharach,[1] og spelt inn av Diamond i 1982. Songen var opningssporet på albumet hans frå 1982, som òg heitte Heartlight. Singelen nådde femteplassen på Billboard Hot 100, og vart den åttande (og siste) singelen hans som nådde Topp 5 i USA. Songen er faktisk òg den siste songen hans som nådde Topp 30. Songen låg òg fire veker på toppen av Adult Contemporary-lista seint i 1982, og var den siste av åtte førsteplassar han hadde på denne lista.[2]
Songen var inspirert av hitfilmen E.T. the Extra-Terrestrial,[2] som Diamond, Bayer Sager og Bacharach alle hadde sett i lag.[3][4] Då romvesenet E.T. dreg frå jorda, lyser hjartet hans raudt, og tittelen er basert på dette.
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads