Songen High Voltage

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«High Voltage» er ein song av det australske hardrockbandet AC/DC. Han vart først gitt ut i Australia på singel i juli 1975 og sidan som det åttande sporet på deira andre australske album T.N.T, vart sjølve utgivinga gitt ut som ein frittståande singel. Songen vart skrive av Angus Young, Malcolm Young og Bon Scott, og nådde ein 48. plassen på UK Singles Chart i 1980.[1]

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

I januar 2018 som ein del av Triple M-lista «Ozzest 100» over «dei mest australske» songane gjennom tidene, vart «High Voltage» rangert som nummer 95.[2]

Remove ads

Bakgrunn

«High Voltage» delar namn med det første australske og internasjonale albumet deira. Det er det niande og siste sporet på den internasjonale versjonen, gitt ut i mai 1976. «High Voltage» vart òg gitt ut som singel i Storbritannia og ulike land i Europa i 1976.

Sjølv om Phil Rudd feilaktig er kreditert for å ha spelt på songen, vart trommene faktisk spelt inn av studio-trommeslageren Tony Currenti, ikkje lenge etter innspelingane til debutalbumet High Voltage.[3] «High Voltage» er ein av dei mest populære songane til AC/DC, og har vore med på fire av dei fem offisielle konsertplatene deira: If You Want Blood You've Got It (sunge av Bon Scott, 1978), Live: 2 CD Collector's Edition (sunge av erstattaren til Scott, Brian Johnson, 1992), Live from the Atlantic Studios (Scott, 1977), og Leit There Be Rock: The Movie - Live in Paris (Scott, 1979) - dei to sistnemnde vart gitt ut i 1997 som ein del av Bonfire-boksen.

På konsertar har denne songen utvikla seg til allsong med publikum. Mellomspelet der Scott syng «I said high, I said high», har vorte utvida med Scott (og seinare Brian Johnson) som gjentek ordet «high» i aukande lydstyrke og høg tonehøgd, som publikum svarer med «high» høgare òg. Dette blir følgt av ein rytme i fleire minutt medan Angus Young improviserer på gitaren.

Under Black Ice-turneen i 2010 vart bilete av Scott projisert på sceneskjermane under framføringa av refrenget for å markera 30-årsjubileet for dødsfallet hans.[4]

Remove ads

Medverkande

Produksjon

Salslister

Vekeslister

Meir informasjon Liste (1975), Plassering ...

Årslister

Meir informasjon Liste (1975), Plassering ...

Notes

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads