Songen Light of Love
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Light of Love» er ein song frå 1974 av den britiske glamrock-gruppa T. Rex. Songen kom ut på albumet Bolan's Zip Gun og på ein eigen singel. B-sida til singelen var «Explosive Mouth», frå albumet Zinc Alloy and the Hidden Riders of Tomorrow frå 1974. I USA kom begge songane ut på det amerikanske albumet Light of Love. Rolling Stone-skribenten Ken Barnes likte den «livlege og økonomiske» stilen på songen i ei melding frå 1974 og hevda at songen var «frisk og attraktiv».[1]
«Light of Love» vart produsert av Marc Bolan og var den første T. Rex-singelen som ikkje var produsert av Tony Visconti.
Singelen låg på den britiske singellista i alt fem veker og nådde 22. plassen,[2] og er kjend som den første T. Rex-singelen som ikkje nådde topp 20. Songen vart nytta under rulleteksten til Vince Vaughn-filmen Delivery Man (2013).
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads