Songen Lust for Life

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Lust for Life» er ein song frå 1977 av Iggy Pop, skriven i lag med David Bowie frå albumet Lust for Life. I 2004 rangerte Rolling Stone songen på 147. plass på lista si over dei 500 største songane gjennom tidene.

Denne artikkelen handlar om songen. For albumet, sjå albumet Lust for Life.
Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...
Remove ads

Musikk

Songen vart skriven av Iggy Pop i lag med David Bowie. Bowie skreiv musikken (skriven på ein ukulele), og Pop teksten. Songen er kjend for trommerytmen i starten (spelt av Hunt Sales). Trommerytmen er sidan imitert i mange andre songar, som «Are You Gonna Be My Girl» av Jet, «Selfish Jean» av Travis, men rytmen til Sales var heller ikkje original, sidan han sjølv lånte den frå «You Can't Hurry Love», gjeven ut i juli 1966 av The Supremes,[1] og «I'm Ready For Love» frå oktober 1966 av Martha and the Vandellas.

I 1977 nådde songen 3. plass i Nederland. Dette førte til at Iggy Pop fekk spele på eit nederlandsk musikkshow, Toppop, der han i berr overkropp øydela delar av kulissane (mellom anna nokre potteplanter og noko pappbakgrunnar).[2][3] Sjølv om mange sjåarar og aviser klaga over dei tilsynelatande skadane, innrømde Toppop seinare at dei kjende til kva Iggy skulle gjere på førehand.

Remove ads

Opphav

Teksten inneheld fleire referansar til den eksperimentelle romanen til William S. Burroughs, The Ticket That Exploded, mellom anna «Johnny Yen» og «hypnotizing chickens».

I eit intervju i 1995 sa Doors-keyboardist Ray Manzarek og manageren deira Danny Sugerman at opningsteksten var om den avdøde heroinforhandlaren deira, kalla «Gypsy Johnny», som kom til Wonderland Avenue, med heroinen sine og sine «motoriserte dildoar». Sugerman hevda òg at riffet var teken rett frå «Touch Me» av the Doors.

I 1996 fekk songen eit nytt publikum då han vart nytta i starten av filmen Trainspotting. Denne scenen gjorde at UGO inkluderte songen på lista si over dei 11 beste måtane å bruke klassiske rockesongar i film.[4]

Sidan den gong har songen vorte nytta i mange andre filmar og reklamar, stundom med endringar i teksten. At songen vart nytta i kommersielle samanhengar vart omtalt satirisk i avisa The Onion i artikkelen «Song om heroin nytta i bankreklame».[5]

Den instrumentale opninga vert nytta som kjenningsmelodi til radioprogrammet The Jim Rome Show.

Remove ads

Andre versjonar

  • Bruce Willis spelte songen for filmmusikken til Rugrats Go Wild.
  • Tom Jones spelte songen i 1999 for albumet hans Reload.
  • Mötley Crüe spelte songen i 1997 på B-sida til «Afraid».
  • Kay Hanley spelte songen for filmmusikken til Just Like Heaven.

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads