Songen Perfect Strangers
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
«Perfect Strangers» er ein song av det engelske hardrockbandet Deep Purple. Det er tittelsporet på comebackalbumet Perfect Strangers frå 1984.
Det er ein av dei få Deep Purple-komposisjonane som ikkje inneheld ein gitarsolo. Likevel har grunnleggjaren og gitaristen i bandet Ritchie Blackmore kalla han favorittlåten sin frå Deep Purple. Teksten er inspirert av Elric-bøkene av Michael Moorcock.
Remove ads
Andre versjonar
- Dimmu Borgir på albumet Abrahadabra som bonusspor.
- Progressive metal-bandet Dream Theater på EP-en deira A Change of Seasons. Dream Theater framførte han òg live på eit BBC Radio-show med Iron Maiden-vokalisten Bruce Dickinson som vokalist. Bandet framførte han òg under pseudonymet Nightmare Cinema i mellomspela under konsertane når dei bytte instrument.[2]
- Hardrock-vokalisten Jørn Lande på soloalbumet Unlocking the Past.
- Den finske duoen Timo Kotipelto og Jani Liimatainen under konsertar og på studioalbumet Blackoustic.
- Det amerikanske doom metal-bandet Yob gav ut «Perfect Strangers» som ein frittståande singel.
Remove ads
Medverkande
Salslister
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads