Songen Vienna

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Vienna» er ein song frå 1980 av det britiske new wave-bandet Ultravox. Han kom ut som den tredje singelen frå det fjerde albumet deira, Vienna, den 9. januar 1981 på Chrysalis Records.[1] Songen låg fire veker på andreplassen på UK Singles Chart utan å nå toppen.[2] Berre John Lennon sin «Woman» den eine veka,[3] og så Joe Dolce-songen «Shaddap You Face» dei neste tre vekene låg føre.[4][5][6] «Vienna» vart rangert som den åttande bestseljande singelen i Storbritannia i 1981.[7] Singelen selte til gullplate i februar 1981[1] for eit salstal på 500 000 eksemplar i Storbritannia. Songen nådde toppen av lista i fleire europeiske land, som Nederland, Belgia og Irland.

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

Songen vann òg prisen for årets singel i 1981 under Brit Awards. Songen vert rekna som ein slager innan synthpopsjangeren, som vart populær tidleg i 1980-åra. Songen vart framført på Live Aid-konserten deira i 1985 på Wembley Stadium. Songen har vore signaturlåten til Ultravox og den største suksessen deira.

I 2012 vart songen kåra til favorittsingelen til britiske lyttarar på BBC Radio 2 av songar som berre nådde andreplassen.[8]

B-sida til singelen var «Passionate Reply», ein lett, popaktig synthpopsong. 12"-singelen inneheld «Herr X», ein versjon av ein Kraftwerk-aktig song på albumet kalla «Mr. X», sungen på tysk av Warren Cann.

Remove ads

Innhald

Alle songar skrivne av Warren Cann, Chris Cross, Billy Currie og Midge Ure, utanom der andre er nemnde.

1981

7"-vinyl
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
12"-vinyl
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...
Remove ads

Salslister

Meir informasjon Liste (1981), Plassering ...
Remove ads

Vienna 92

Meir informasjon B-side, Låtskrivar(ar) ...

I april 1992 vart ein nyinnspelt versjon av «Vienna», av ei ny besetning av Ultravox, gjeven ut på singel i Tyskland.

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Andre versjonar

Songen er blitt spelt av fleire andre artistar:

  • Kirlian Camera (Todesengel. The Fall of Life, 1991)
  • Vic Reeves (NME-samlinga Ruby Trax, 1992)
  • Celestial Season (Solar Lovers, 1995)
  • Dump (I Can Hear Music, 1995)
  • King's Singers (Spirit Voices, 1997)
  • Gregorian (Masters of Chant, 2000)
  • Russell Watson (The Voice, 2000)
  • Rax1 (1987)
  • Clawfinger (A Whole Lot of Nothing, 2001)
  • Infernal (From Paris to Berlin, 2005)
  • FranKo (2011)
  • Fraser Aitken (Night of Nine Joints, 2014)
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads