Songs for Drella

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Songs for Drella er eit album av Lou Reed og John Cale, begge tidlegare i The Velvet Underground. Albumet er ein songsyklus om Andy Warhol,[1] som var mentoren deira og som hadde døydd etter ein rutineoperasjon i 1987. Drella var kallenamnet til Warhol, som han fekk av skodespelarinna Ondine, ei samandraging av Dracula og Cinderella. Songsyklusen fokuserer på dei personlege forholda og opplevingane hans. Songane fell i stort sett tre kategoriar: songar sett frå Warhol sitt perspektiv, tredjepersonsforteljingar om hendingar og forhold, og førstepersonskommentarar om Warhol av Reed og Cale sjølv. Songane omhandlar stort sett hendingane i kronologisk rekkjefølgje.

Meir informasjon Lou Reed-kronologi, John Cale-kronologi ...
Remove ads

Innspeling

Lou Reed og John Cale snakka til kvarandre for første gongen på mange år i gravferda til Warhol i St. Patrick's Cathedral i New York den 1. april 1987. Målaren Julian Schnabel føreslo at dei skulle skrive eit minnestykke for Warhol. 7. og 8. januar 1989 framførte Cale og Reed delar av Songs for Drella i The Church of St. Anne's i Brooklyn.[2] Likevel tok prosjektet enno eit år å fullføre, medan Cale fullførte sitt Words for the Dying, og Reed fullførte og turnerte med hans New York-album. Den første fulle versjonen (med «A Dream» på ei av framføringane) vart framført 29. og 30. november og 2. og 3. desember på The Next Wave Festival i Brooklyn Academy of Music.[3] 4. og 5. desember 1989 vart ei konsertframføring utan publikum filma i The Brooklyn Academy of Music, regissert av Ed Lachman, og gjeve ut på VHS og laserdisc.[4][5] Dei neste to månadane fortsette Reed og Cale å spele inn materiale for albumet, som kom ut i 1990 på Sire Records.

Albumet var det første fulle samarbeidet deira sidan White Light/White Heat i 1968, og mot slutten av innspelinga hevda Cale at han aldri skulle arbeide med Reed igjen på grunn av personlege skilnader, men Songs for Drella vart likevel opptakten til ei gjenforeining med Velvet Underground. Etter at dei framførte eit utval av Drella den 15. juni 1990 under ei Warhol/Velvet Underground-utstilling på Cartier Foundation i Jouy-en-Josas, fekk Reed og Cale med seg Sterling Morrison og Maureen Tucker på scenen for ei framføring av Velvet Underground-songen «Heroin»,[6] som så førte til den første og einaste gjenforeininga av Velvet Underground. Dette fann stad i 1993 (etter at Cale og Reed, igjen, svor at dei aldri skulle arbeide i lag igjen).

Remove ads

Mottaking

Kjappe fakta Meldingar, Karakter ...

Songs for Drella fekk positive meldingar og god kritikk då det kom ut. Rolling Stone gav fire stjerner og Paul Evans skreiv «Begge nærmar seg femti og Reed og Cale. I populær musikken er det berre bluesmenn og countrystjerner som har klart å syne modenheita desse to syner.»[17] Spin skildra Songs for Drella som «eit rørande vitnesbyrd til eit av dei viktigaste ikona i 1960-åra» og kåra det til eit av dei 20 beste albuma i 1990.[18]

Remove ads

Innhald

Alle songane skrivne av Lou Reed og John Cale.

Meir informasjon Nr., Tittel ...
Meir informasjon Nr., Tittel ...

Singlar

«Nobody But You» med «Style It Takes»—7" i Tyskland i 1990.

«Nobody But You»; «Style It Takes» med «A Dream»—12" & CD-single i Tyskland i 1990.

Salslister

Meir informasjon Liste (1992), Plassering ...

Medverkande

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads