Songsvane

art av andefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia

Songsvane
Remove ads

Songsvane (Cygnus cygnus) er ein trekkfugl i andefamilien som hekkar i Noreg.[2] Svana er heilt kvit i fjørdrakta, og har eit gult nebb med ein svart tupp. Fuglen kan bli 160 cm lang.

Kjappe fakta
Thumb
Songsvaneegg.
Remove ads

Utbreiing og økologi

Songsvane hekka tidlegare spreitt i vegetasjonsrike tjern og innsjøar, ofte i dei mest utilgjengelege myrområda i nordlege delar av Noreg. I dei seinare år har arten likevel ekspandert sørover. Føda består i hekketida av akvatiske plantar samt gras. Fuglar som hekkar i Noreg overvintrar truleg hovudsakleg langs norskekysten, men vinterbestanden er mykje større enn hekkebestanden og det blir derfor at antatt også svenske, finske og kanskje russiske songsvaner overvintrar i Noreg. Arten er avhengig av ope vatn og flyttar seg om hausten og vinteren etter isforholda.

Remove ads

Bestand og bestandsutvikling

Den norske hekkebestanden vart i 2015 vurdert å vera i intervallet 700 til 1200 individ, og han vart då vurdert som aukande.[3]

Vurderingsperioden for songsvane er 30 år (grunna generasjonslengda på arten på 10 år.[4]

Bestanden har sidan 1990-talet vore i sterk vekst med ekspansjon sørover i Noreg, og arten hekkar no i alle fylke i Noreg. Bestanden i Nord-Noreg har òg auka.[3]

Arten etablerte seg til dømes som hekkefugl i Østfold (1998), Oslo & Akershus (1999)[5], Vestfold (2005), Møre og Romsdal (2006, men mangelfulle data herfrå[3]), Vest-Agder (2007), Aust-Agder (2008,[6] (2014). Songsvanehekking i Aust-Agder 2013 og 2014. Fugler i Aust-Agder 43 (2): 80-83.), Buskerud (2009), Hordaland (2011), Rogaland (2013), Telemark (2014, 2015[7]) og Oslo (2015).[3]

På bakgrunn av auke i utbreiing og bestand antar vi at bestanden no er i intervallet 1000–2000 individ, noko som betyr raudlistekategori nær trua NT etter kriteriet D1. Bestanden i Sverige er på ca. 12 000 individ, og er kraftig aukande.[8]

I Finland er bestanden, som vart anslått til 10 000–14 000 individ i 2011 (2011[9]), aukande (2019[10]).

I Danmark er arten under etablering.[11]

Remove ads

Raudlistevurdering

I følgje BirdLife International (2017) er både hekke- og vinterbestanden i Europa aukande. Songsvane blir vurdert til raudlistekategori nær trua NT, på bakgrunn av observasjonar og basert på kriteriet D1 (1000–2000 reproduserande individ).

Arten blir nedgradert til livskraftig LC° grunna solide og aukande bestandar i nabolanda våre. Dette gir moglegheit for reetablering dersom arten i periodar skulle forsvinna frå Noreg.[1]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads