Sonja Aldén

svensk songar From Wikipedia, the free encyclopedia

Sonja Aldén
Remove ads

Sonja Aldén (fødd 20. desember 1977) er ein svensk songar.[1] Ho er mest kjend for deltakingane sine i Melodifestivalen. I 2005 skreiv ho bidraget til Shirley Clamp, «Att älska dig», og seinare same år var ho støttevokalist for Laura & The Lovers, med songen «Little by Little», som representerte Litauen i Eurovision Song Contest. I 2006 deltok ho, under artistnamnet Sonya, med songen «Etymon» i den andre deltevlinga, men enda på femteplass og kvalifiserte seg difor ikkje til finalen. Same år skreiv ho bidraget til The Poodles, «Night of Passion», som enda på sjetteplass i finalen. Året etter deltok ho med songen «För att du finns» i den tredje deltevlinga. Ho gjekk vidare til andresjansen og seinare til finalen der ho enda på sjetteplass. I 2012 deltok ho i den andre deltevlinga med songen «I din himmel», men enda på sjetteplass og gjekk dimed ikkje vidare til korkje finalen eller andresjansen.

Kjappe fakta Fødd, Fødestad ...
Remove ads

Diskografi

Album

  • Till dig (2007)
  • Under mitt tak (2008)
  • I gränslandet (2012)
  • I andlighetens rum (2013)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads