Sons of the Silent Age

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

«Sons of the Silent Age» er ein song skriven av David Bowie i 1977 for albumet “Heroes”. I følgje Brian Eno var dette den einaste songen på albumet som var komponert før innspelinga kom i gang. Alle dei andre songane vart improviserte fram i Hansa by the Wall studio. Bowie sjølv indikerer at Sons of the Silent Age på eit stadium kunne ha blitt tittelen på albumet, i staden for “Heroes”.[1]

Meir informasjon Låtskrivar(ar) ...

Biografen David Buckley merka seg «dommedagsaktige saksofon-drivne vers sett upassande ved sidan av cheesy refreng».[2] Teksten er tolka å på ny utforske psykotisk tilbaketrekking, som Bowie hadde utforska på Low («Pacing their rooms just like a cell’s dimensions»), i tillegg til at han refererer til karakterar frå songen «The Supermen» frå 1970 («They never die they just go to sleep one day»)[3] på albumet The Man Who Sold the World. Forfattaren Nicholas Pegg spekulerte i om linja «platforms, blank looks, no books» synte til nazi-regimet.[4]

Remove ads

Andre utgjevingar

Andre versjonar

  • Philip Glass“Heroes” Symphony (1996)
  • Danny MichelLoving the Alien: Danny Michel Sings the Songs of David Bowie (2004)

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads