Sora

From Wikipedia, the free encyclopedia

Sora
Remove ads

Sora er ei elv i Slovenia. Ho er 51 km lang og renn nordaust i landet. Elva spring ut i Škofja Loka-fjella. Ho er danna av kjeldeelvene Poljanska Sora eller Poljanščica, som renn gjennom dalen Poljanska dolina, og Selška Sora eller Selščica frå dalen Selška dolina. Sora munnar ut i Sava ved Medvodah. Middelvassføringa hennar ved munningen er 25 m³/s. Elva har store variasjonar i vassføring, og fløymer ofte over. Den største vassføringa ved munningen, som blei målt i 1990, var 690 m³/s.

Kjappe fakta Land, Lengd ...

Poljanska Sora er 43 km lang medan Selška Sora er 32 km.[1] Dei renn saman i Škofja Loka og renn saman som Sora i 9,2 km til Medvode, der elva renn ut i Sava. Tek ein med Poljanska Sora, den lengste av kjeldeelvene, er Sora 52 km lang.[1] Dette gjer henne til den 15. lengste elva i Slovenia.

Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads