Southern Uplands
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Southern Uplands er den sørlegaste og minst folkesette av dei tre store geografiske områda i Skottland. Dei andre er Dei sentrale låglanda og Dei skotske høglanda. Uttrykket vert nytta om både den geografiske regionen og dei forskjellige åsrekkjene i regionen. Southern Uplands ligg sør for ei forkastingslinje som går frå Ballantrae ved kysten av Ayrshire og nordaustover til Dunbar i East Lothian ved kysten av Nordsjøen.[1]

Det høgaste punktet i Southern Uplands er Merrick med ei høgd på 843 meter over havet.
Remove ads
Åsar
Det er fleire lokale åsrekkjer i Southern Uplands. Frå aust til vest er desse:
- Cheviot Hills
- Lammermuir Hills
- Moorfoot Hills
- Tweedsmuir eller Manor Hills
- Culter Hills
- Moffat Hills
- Ettrick Hills
- Lowther Hills
- Carsphairn og Scaur Hills
- Galloway Hills
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads