Spadenebb

slekt av sporvefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia

Spadenebb
Remove ads

Spadenebb (Platyrinchus) er ei biologisk slekt av små sporvefuglar medlemmar av tyrannfamilien (Tyrannidae). Slekta omfattar artar som alle er heimehøyrande i neotropane, med utbreiing frå det sørlege tropiske Mexico, gjennom Mellom-Amerika og Sør-Amerika, inkludert Trinidad og Tobago, og sør gjennom Brasil og inn i det nordaustlegaste Argentina. Dei finst typisk i undervegetasjonen i fuktige regnskogar.

Kjappe fakta
Remove ads

Etymologi

Det vitskaplege slektsnamnet Platyrinchus kjem frå artsnamnet Todus platyrhynchos, der platyrhynchos er sett saman av dei greske orda πλατυς (platus) som betyr «brei», og ῥυγχος (rhunkhos) som betyr «nebb».[1]

Kjenneteikn

Fuglane i denne slekta er små tyrannar, mellom 9 og 12,5 cm lange, med korte stjertar og eit uvanleg breitt og flatt nebb. Spadenebba er diskrete fuglar som gjerne held seg åleine og stille på ei grein, der dei sit i ro og ventar før dei gjer raske utfall for å fanga insekt. Hann og ho ser like ut, sjølv om flekken på issen – som alle artane har – er mindre eller heilt fråverande hos hoene.

Habitat og utbreiing

Fem av dei sju artane i slekta Platyrinchus har utbreiing i den austlege delen av Sør-Amerika, ein art finst i Mellom-Amerika og ein har to fråskilte populasjonar med ein vestleg langs austsida av Andesfjella. Ingen har utbreiing på vestsida av Andes.

Artane held til i undervegetasjonen i ulike skogtypar, hovudsakleg i fuktige tropiske og subtropiske område. Dei finst ofte i terra firme-regnskog, várzea (sesongvis overfløymd skogbotn), eviggrøn og halvlauvfellande skog, galleriskog og dels i høgvaksen sekundærskog. Fuglane føretrekk tett og krattaktig vegetasjon, bambussletter i utkant av skog eller område med mange småtre og slyngplantar å sitje på, men enkelte artar trivst òg i meir open undervegetasjon, særleg i fjellskog eller næringsfattige område. Dette er oftast i låglandet, men to artar lever i meir høgareliggjande skogsområde. Samla sett lever dei frå havnivå og opp til kring 2300 meter over havet, alt etter region og type habitat.

Artsoversyn

Slekt Platyrinchus i rekkjefølgje etter IOC World Bird List V15.1, 2025,[2] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[3] Verdas naturvernunion, IUCN, har vurdert arten raudvengspadenebb som sårbar, dei seks andre artane er klassifiserte som livskraftige.[4]

Meir informasjon Bilete, Norsk namn ...
Remove ads

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads