Spekulasje

From Wikipedia, the free encyclopedia

Spekulasje
Remove ads

Spekulasje er ei krydra småkake som er knytt til juletider. Ho er som regel firkanta på form og har mønster eller pynt oppå.

Thumb
Fire bitar Spekulatius: Skip, bondegard, elefant, hest.
Thumb
Spekulatiusrull frå rundt 1900, brukt til å laga mønster.

Bakverket er utbreidd i Belgia, Nederland og vestlege Tyskland under namna Spekulatius (tysk), speculaas eller speculatie (nederlandsk) og spéculoos (fransk). På norsk er det også kjend som spekulasi(e), spikkelasje, spekelasje og sirupsspekulasje.[1][2]

Remove ads

Skildring

Deigen blir laga med lysebrunt sukker og eit hevemiddel som bakepulver eller ammoniumkarbonat. Dei hever ikkje så mykje. Ein bruker krydder som kanel, ingefær, nellik, kardemomme og kvit pepar, krydder som blei vanlege i området på grunn av den nederlandske krydderhandelen i Asia.

Kakene kan ha ulike mønster, ofte knytt til heilage Nikolaus, på eine sida. Andre sida er flat. I norsk tradisjon er kvar kake gjerne pynta med ein halv mandel.

Remove ads

Advent og jul

I Nederland og Belgia er kakene knytte til adventstida. Dei blir laga til den liturgiske minnedagen for den heilage Nikolas den 6. desember, men ein kan eta dei seinare, også til jul. I Tyskland er dei knytt noko tettare til sjølve jula.

I Indonesia, som lenge var nederlandsk koloni, er bakverket også kjent, men der er det ikkje knytt til advent eller jul.

Sjå òg

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads