Sirupssnipp

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Sirupssnipp er eit tradisjonelt norsk småkakeslag som ein gjerne bakar til jul som eit av dei sju slaga. Kakene består av ein deig av sirup, smør, egg, sukker, mjølk, mjøl og bakepulver eller hornsalt med diverse krydder. Deigen blir kjevla ut tynt og kakene skorne ut i snipper eller stukne ut til figurar med former. Kvar kake blir pynta med ei halv mandel.

I Bergen kallar ein kakene «spekulasier».

Remove ads

Kjelder

  • Aase Strømstad: Mat på norsk. Tradisjonsrike retter fra hele landet, Aschehoug forlag 1985, side 97, ISBN 82-03-11408-3
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads