Sperillen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Sperillenmap
Remove ads

Sperillen er ein innsjø som ligg i Ådal i Ringerike kommune i Buskerud. I nord har innsjøen tilsig frå Begna og Urula. I sør er han regulert med demning ved Ringmoen og avløpet dannar Ådalselva som sidan renn saman med Randselva nedanfor Hønefossen i Hønefoss og dannar Storelva. Innsjøen har eit flatemål på ca. 37 km² og strekkjer seg ca. 26 km i lengd. Vasspeilet ligg omlag 150 moh. og største djupna er om lag 129 m.

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Rundt innsjøen finst fleire flotte badeplassar og nokre campingplassar. Innsjøen er dessutan kjent for kvalitetsfisket sitt etter sik. Det finst 10 fiskeartar i innsjøen, i tillegg til sik òg aure, åbor, røye, brasme, krøkle, ørekyte, niøye, trepigga stingsild og nipigga stingsild.

Ådalselva var seglbar frå Hen, og var utgangspunkt for dampskipstrafikk på Sperillen. Dampskipet gjekk opp Begna til Sørum. Når Sperillbanen vart bygd til Finsand fekk dampskipstrafikken ny brygge der.

Rett ved på er det ein badeplass på sør- og austsida av innsjøen.


Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads