Spiring
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Spiring er ein biologisk prosess der ein plante eller sopp byrjar å veksa frå eit frø eller ein spore.


Når eit frø spirer, sender det ei kimrot ut gjennom frøskalet og ned i vekstmediet. Deretter sendar det ut eit skot med eitt (hjå einfrøblada plantar) eller to frøblad (hjå tofrøblada plantar). Dette dannar ein kimplante eller frøplante.[1]
Tilgang på vatn er det viktigaste elementet for å byrja spiringa. Plantar kan også vera avhengige av ein viss temperatur og/eller tilgang på oksygen og lys eller mørke.[1][2] Nokre frø treng også å gå gjennom ein prosess før dei kan spira, som å bli utsette for låge temperaturar (vernalisering), lett skading eller svekking av frøskalet[3] eller røyk.[4]
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads