Spiskammers
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Spiskammer eller spiskammers er eit rom der ein oppbevarer mat.[1] Før det vart vanleg med kjøleskap vart matvarer som tolte nokre dagars lagring oppbevart i spiskammerset. Maten vart gjerne plassert på veggfaste hyller. Som oftast var spiskammerset plassert på skuggesida av huset, slik at temperaturen ikkje vart for høg. Det var òg viktig med lufting, og for å halda insekt ute var det ofte flugenetting for vindaga.

I slaktetida var spiskammerset ofte nytta for å lagra blod, tarmar, flesk, kjøt, pølser osb. I julestrida lagra ein den ferdige julematen, som grisesylte, kjøttrull og liknande, i spiskammerset.
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads