Spissmus

pattedyrfamilie From Wikipedia, the free encyclopedia

Spissmus
Remove ads

Spissmus (Soricidae) er ein familie av insektetarar. Dei liknar mus på utsjånad, men skil seg frå dei på mange vis ettersom mus er gnagarar medan spissmus er insektetarar. Familien omfattar nokre av verdas minste pattedyr, knøttspissmus er verdas nest minste etter pygméspissmusa (Suncus etruscus).[1]

Kjappe fakta
Remove ads

Skildring

Spissmus har ein lang, spiss snute, små augo og avrunda øyre som er noko samankrølla. Dei lever mest av insekt og makkar, men nokre artar kan òg ta smådyr av sin eigen storleik. Dei fleste har moskuskjertlar slik at mange rovdyr let vera å eta dei. Nokre har giftig munnvatn, og kan difor drepa byttet sitt ved å bita det.

Livsløp

Spissmus lever ganske kort, ofte ikkje stort meir enn eit år eller kortare. I løpet av denne tida kan ei hospissmus få fleire kull med to til ti ungar i kvart. Dei vert fødde blinde og nakne.

Spissmus i Noreg

I Noreg finst seks artar, nemleg krattspissmus[2] (Sorex araneus), dvergspissmus (Sorex minutus), knøttspissmus[2] (Sorex minutissimus), lappspissmus (Sorex caecutiens), taigaspissmus (Sorex isdodon) og vasspissmus (Neomys fodiens). Sistnemnte et ofte fiskerogn og kan gjere skade.

Andre tydingar

Namnet «spissmus» vert òg bruka om dyr som ikkje høyrer til gruppa: springspissmus og trespissmus.

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads