Spjelkavikelva
elv i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Spjelkavikelva (også kalla Gamleelva) er ei elv i Ålesund kommune i Møre og Romsdal. Den renn frå Brusdalsvatnet (26 moh.) mot vest til munninga i Åsefjorden ved Spjelkavik. Elva er 2,25 km lang.[1] Den har eit nedbørfelt på 30,89 km² og middelvassføring ved osen er 1,11 m³/s.[2]
Remove ads
Elva var nytta til kraftproduksjon frå 1917. Kraftstasjonen Spjelkavik var i drift til 1981.[3][4][4] For å leie vatn til kraftstasjonen blei det grave ein kanal frå Lillevannet (ein mindre innsjø nedanfor Brusdalsvatnet) til bygdesenteret.[4] Planen om kraftverk blei diskutert frå 1893. Kraftstasjonen leverte 600 kW og var Ålesunds elektrisitetsforsyning til Tafjord kraftselskap leverte straum frå 1923. Stasjonen blei i 1923 overført til Spilkevigs fabrikk for garn og anna fiskeutstyr.[5]
Remove ads
Referansar
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads