Sporvepapitt

art av papegøyefuglar From Wikipedia, the free encyclopedia

Sporvepapitt
Remove ads

Sporvepapitt (Forpus passerinus) er ein svært liten papegøyeart i papegøyefamilien Psittacidae som lever i det nordaustlege Sør-Amerika og på Trinidad og Tobago. Han føretrekk låglandsområde med delvis open vegetasjon og førekjem òg stundom i byparkar. Arten har fem kjende underartar.

Kjappe fakta
Remove ads

Taksonomi

Sporvepapitten vart formelt skildra i 1758 av Carl von Linné i den tiande utgåva av Systema Naturae. Linné plasserte arten saman med alle andre papegøyar i slekta Psittacus og skapte det binomiale namnet Psittacus saman med andre papegøyar og gav han det binominale namnet Psittacus passerinus.[1] Linné oppgav «America» som typelokalitet, men dette vart spesifisert til Surinam i 1908.[2]

Sporvepapitten vert no rekna som ein av ni artar i slekta Forpus, som vart introdusert av den tyske zoologen Friedrich Boie i 1858.[3] Det vitskaplege artsnamnet passerinus kjem frå latin og tyder «sporveaktig».[4]

Den norske fellesnemninga «papitt» er per 2025 brukt i fleire slekter av små papegøyar.[5] Før det vart grøngumpa sporvepapegøye brukt som det norske artsnamnet for Forpus passerinus.[6]

Det finst fem godkjende underartar:[7]

  • F. p. cyanophanes – nordlege Colombia
  • F. p. viridissimus – nordlege Venezuela, Trinidad og Tobago
  • F. p. passerinus – Guyana-regionen
  • F. p. cyanochlorus – Roraima i nordlege Brasil
  • F. p. deliciosus – nedre Amazonas, Brasil
Remove ads

Skildring

Thumb
Sporvepapitt på Tobago
Thumb
Sporvepapitt i handa

Sporvepapitten vert om lag 12-13 cm lang og veg 20–28 gram.[7] Fjørdrakta er for det meste grøn med meir gråleg nakke. Auga er mørkebrune, og nebbet og beina er lyse ferskenfarga. Arten syner kjønnsdimorfisme: hannar har blåfiolette fjører på vengene og lys turkisfarga framkant, medan hoene manglar blått og er meir gulgrøne i hovudet. Ungfuglar liknar dei vaksne i utsjånad. Underartar skil seg i detaljar på fjørdrakta – mellom anna i mengd og farge på blåfarga fjører hos hannar og gulgrøne nyansar hos hoer.[7]

Som andre papegøyeartar har sporvepapitten zygodaktyli fot – to tær peiker framover og to bakover.

Utbreiing og habitat

Sporvepapitten finst i tropisk Sør-Amerika frå dei karibiske områda i Colombia, Venezuela med øya Curaçao, Trinidad og Tobago sørover og austover til Guyana, Surinam, Fransk Guyana og nordlege Brasil. Arten er innført til Jamaica og Barbados.[8]

Han trivst i tørre, halvopne område som krattskog, lauvskog, galleriskog, jordbruksområde, hogstfelt og skogkantar, men finst ikkje over 1800 meter over havnivå. Fuglane flyttar seg lite, men kan vandre lokalt etter mat.[9]

Økologi og åtferd

Sporvepapittar er svært sosiale og kviler i flokkar, ofte på opp mot 100 individ. Dei lagar lyse kvitrande lydar, og i flokk vert ropa høgare og meir gjennomtrengande. Kvart individ har sitt eige kontaktrop som fungerer som eit individuelt namn og vert brukt i partnarattkjenning.[10]

Par formar langvarige band og held seg ofte til same partnar i éin eller to sesongar. Enkeltindivid tek ny partnar ved død, og mange av dei nye «steforeldra» adopterer ungar frå før. Dette verkar å vere både seksuelt selektert og til dels strategisk.[11]

Hekking skjer i regntida (vanlegvis mai–november) i holrom i tre, stubbar, termittbol eller meir sjeldan i bladbasen på palmar og i kunstige holrom. Hoa legg mest vanleg 5 kvite egg som ho byrjar ruge på etter fyrste egg. Dette fører til asynkron klekking og ulik storleik på ungane. Klekking skjer 18–22 dagar etter rugestart, og ungane forlèt reiret etter 29–35 dagar.[7]

Det er funne at foreldre investerer ulikt i store og små ungar – hannar prioriterer dei største, medan hoene gjev meir til dei minste som tiggar mest.[12]

Føda består hovudsakleg av frø frå gras og urter, men òg av blomar, knoppar, bær og frukt – mellom anna frå guava og Annona-tre.[7]

Remove ads

Vernestatus

Sjølv om den totale populasjonen ikkje er kjent, vert arten rekna som vanleg og utbreidd. Det er likevel dokumentert nedgang i bestandane, truleg på grunn av jakt og/eller fangst. Arten er klassifisert som livskraftig (LC) av Verdas naturvernunion IUCN.[8]

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads