Språkbad

From Wikipedia, the free encyclopedia

Språkbad
Remove ads

Språkbad eller immersjon er ein metode for språklæring der eit andrespråk eller framandspråk forsettleg blir nytta i omgjevnaden til den som skal læra det, som oftast på skule eller i barnehage.

Thumb
Immersjonsskule på New Zealand der undervisinga er på minoritetsspråket maori.

Skildring

Immersjon byggjer på tanken om at eleven lærer seg andrespråket på same måte som morsmålet sitt, gjennom å nytta det i verkelege kommunikasjonstilhøve.[1] Målet med immersjon er å oppnå tospråklegheit, at eleven lærer seg andrespråket uten at evnene i morsmålet blir svekka.[2] Immersjonen varer vanlegvis i fleire år, og læraren bør vera tospråkleg. Dessutan er samarbeidet mellom heim og skule viktig.[3]

Kor mykje ein nyttar morsmålet og andrespråket i språkbadet varierer, og språkundervising blir halden i fleire ulike format:

  • tidleg fullstendig språkbad betyr at læringa på eit anna språk blir gjort i førstninga (når språkbadet byrjar) og at morsmålet kjem inn seinare. Kring femte eller sjette klasse blir morsmål og andrespråket haldne i nær balanse, og andrespråket svarar til mindre enn halvparten.
  • tidleg delvis språkbad, andrespråket blir brukt litt mindre i førstninga enn ved fullt språkbad.
  • forseinka språkbad, språkbadet byrjar først i slutten av grunnskulen eller ved byrjinga av vidaregåande.[4]

Undervising på andrespråk har funne stad i mange delar av verda i lang tid. Den noverande pedagogikken er likevel ganske ny.

Remove ads

Språkbad i ulike land

Sidan byrjing av 1980-talet har språkbad (immersió lingüística) vore nytta i det katalanske skulevesenet for å styrka stillinga til katalansk i det katalanske samfunnet i høve til fleirtalsspråket spansk i Spania.[5] Det katalanske systemet blir ofte sett på som ein suksess, fordi det har bidratt til auka tospråklegheit i regionen, òg blant spansktalande. Samtidig bidrog innføringa av det katalanske språkbadet til at regionen mista eit stort tal spanskspråklege lærarar, og systemet blir utsett for nye utfordringar i eit miljø der stadig fleire innvandrarspråk er representerte i dei katalanske skulane.[6]

I Finland nyttar ein hovudsakleg tidlege og fullstendige språkbad. Språkbad blir mellom anna nytta blant skoltesamar.

På ei avdeling av Porfygårdens barnehage i Älvdalen i Sverige har ein nytta språkbad for å læra barn älvdalska.[7] Dette blei bestemt før valet 2014, og blei innført av Älvdalens kommune hausten 2016.[8]

Remove ads

Effekt av språkbad

Studiar har vist at immersjon er ein effektiv undervisingsmetode og at morsmålutviklinga ikkje tar skade, og at immersjon gjer det mulig å oppnå ein fungerande tospråklegheit. Dette tyder at dei passive språkkunnskapene til elevane liknar dei til innfødde, medan den aktive ikkje held det same nivået. Dugleikane i alle språklege område utviklar seg heller ikkje på same måte, som i høve til grammatikk, fonetikk og ordforråd. På den andre sida har immersjon vist betre resultat enn nokon annan språklæringsmetode. I tillegg utviklar elevane ei positiv tilhøyring til språket og kulturen.[9]

Ideen om språkbad kan bidra til at eit lokalt språk utsett for konkurranse frå eit kulturelt dominant riksspråk kan få sterkare feste i den nye generasjonen. Dette er mellom anna erfaringa i Catalonia.[10]

Sjå òg

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads