Spree

From Wikipedia, the free encyclopedia

Spree
Remove ads

Spree (sorbisk Sprowja/Sprewja) er ei elv i Sachsen, Brandenburg og Berlin i Tyskland og ei av sideelvane til Havel frå venstre med ei lengd på 380 km.

Kjappe fakta Land, Nedslagsfelt ...

Ho har sitt utspring i Lausitzer Bergland ved den tsjekkiske grensa. Lenger nord renn elva inn i Spreewald, eit stort våtmarksområde, som tidlegare var heimstad til sorbarane. Den siste delen av elva renn gjennom sentrum av Berlin og munnar ut i Havel i dei vestlege bydelane.

Innbyggjarar og turistar i Berlin vitjar ofte Badeschiff, ein badestad ved Spree.

Andre byar langs elva er: Bautzen, Spremberg, Cottbus, Lübbenau, Lübben og Fürstenwalde.

Elva har gjeve namn til to landkreisar i Tyskland:

  • Spree-Neiße
  • Oder-Spree
Remove ads

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Spree

Kjelde


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads