Springaren Falkeriset

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Springaren Falkeriset lyt reknast til vandreslåttane, sidan variantar av slåtten er funne i Hallingdal, Valdres og Telemark. Frå Valdres vart slåtten ført til Voss med Nils Hilme, som lærte bort ein variant til Ola Mosafinn.

Telemarksformene skil seg noko frå dei hine formene av slåtten. Desse er for det meste prega av Håvard Gibøen, og i Telemark er slåtten rekna som ein gibøslått, mykje nytta i Tinn og Rauland. Den sentrale slåttegruppa, nr 470 i hardingfeleverket, er og samla frå desse områda. Namnet Falkeriset skriv seg frå eit høgdedrag på vegen frå Rauland til Møsstrond.

Remove ads

Variantgruppa

Variantgruppa slåtten høyrer til, er noko spreidd, og vart ikkje fullt katalogisert før om lag 1980. Variantfamilien tek utgangspunkt i eit særskilt vek alle formene har i seg, og som alle slåttane utanom dei i Telemark opnar med.

  • nr 155: Springar, etter Ivar Ringestad, Vestre Slidre [daud lenkje]. Nedskrift Arne Bjørndal 1936 (B 904). Ringestad hadde slåtten frå spelemannen Per Haugset, Vestre Slidre. Denne forma er meir einfeldt enn hilmeforma, og mest utan ristetak.

Nr 470:

  • d: Falkeriset, etter Svein Løndal, Tuddal [daud lenkje]. Nedskrift Eivind Groven 1921 (G 713). Nærskylde variantar skrivne ned etter Hølje Landsverk og Steingrim Haukjem.

Nr 528:

Desse slåttane er knytt til Hallingdal og Krødsherad.

Remove ads
Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads