Voss herad
kommune i Vestland fylke i Noreg From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Voss herad er ein kommune sentralt i Vestland fylke. Kommunen grensar i vest til Vaksdal, i sørvest til Kvam, i aust til Ulvik, og i nord til Aurland og Vik. Kommunen er vorten utvida fleire gonger, i 1964, då Voss, Vossestrand og Evanger vart slegne saman, og i 2020, då Granvin herad og ein del av Ullensvang herad (Oksenhalvøya) vart del av kommunen.[1]
- Denne sida finst òg på høgnorsk — sjå «Hn/Voss herad».
Voss er ein innlandskommune og eit trafikknutepunkt, og er med 1 805 kvadratkilometer den største kommunen i Hordaland fylke. 91 % av arealet er fjellområde som ligg høgre enn 300 meter over havet. Kommunen er populær for skigåing og bygda har fostra fleire kjende skiløparar. Nord for Vossavangen ligg skiområda med Voss fjellheisar. Dei seinare åra er det også bygd skitrekk og skiløyper i Myrkdalen, vel 2 mil frå kommunesenteret i samband med utbygginga av Voss Fjellandsby.
Ein person frå Voss vert kalla ein vossing (i eldre tid «ein voss» (m), «ei vossa» (f)) og «vesser» (fleirtal).
Remove ads
Geografi
Voss kommune ligg omkring Vossevassdraget mellom grensa til Ulvik øvst i Raundalen i aust, og munningen i Bolstadfjorden i vest, i tillegg til sidedalane Bordalen, Dalane (dalføret mot Hamlagrø) og dalføret av Istadelva mot Granvin i sør, og Strondaelvas dalføre med sidedalar og Teigdalen i nord, i tillegg til dei omliggjande fjelltraktene. Sentralt i kommunen ligg Vangsvatnet med administrasjonssenteret Vossavangen ved austenden.
I Voss kommune ligg Bømoen, ein norsk militærleir. I fleire år har Bømoen vore vintertreningssenter for NATO. Tvildemoen er ein tidlegare militærleir som etter at Forsvaret avslutta verksemda si her, er teken i bruk til industri- og bustadføremål.
Remove ads
Kultur
Voss har stolte tradisjonar som bastion for forvaltning av norsk bonde-og bygdekultur, som framleis er haldne i hevd. Smalahove er ein populær rett på Voss, og dette vert markert med det årlege Smalahovesleppet. Bygdesangen for Voss heiter Vossasongen, som er tonesett av Torgeir Raugstad med tekst av Lars Eskeland. Ein annan song om distriktet er «På Vossevangen der vil eg bu», med tekst av danske Carsten Hauch. Den lokale dialekten vert kalla vossamål. Ein særeigen folkedans frå Voss er vossarull (på dialekt «vossarodl») dansa til musikk av hardingfele. Frå distriktet kjem Vossabunaden.
Voss er ein populær stad for vintersport, med skianlegg mellom anna på Bavallen og i Myrkdalen, og ypparlege skiforhold i Mjølfjellsområdet.
Lokalavisa Hordaland kjem ut på Voss tre gonger i veka, med eit opplag på kring 10 000. Avisa vart grunnlagt i 1883, og dekkjer utanom Voss også grannebygdene i kommunane Granvin, Modalen, Vaksdal og Ulvik. Nærradioen «Radio Folgefonn» som opphavleg starta lokalsendingar i Hardanger, har no òg sendingar som dekkjer større delar av Vossebygda.
Festivalar og tilskipingar på Voss
I palmehelga kvart år vert jazzfestivalen Vossajazz skipa til. I juni vert det kvart år arrangert Ekstremsportveko og Voss Cup, som er den største norske fotballturneringa for born under 12 år. I august går den årlege Voss Blues and Roots festival av stabelen, og i september fylgjer Skjervheimseminaret. Smalahovesleppet vert arrangert fyrste helga i oktober kvart år, og i slutten av månaden vert folkemusikkfestivalen Osafestivalen halden. I romjula skipar Vossajazz årvisst til Jolajazz.
Remove ads
Samferdsle
Jarnbanen Bergensbanen går gjennom kommunen og har stoppestad på Vossevangen. Vegane Europaveg 16 og Riksveg 13 går gjennom kommunen med bussruter mellom Aust- og Vestlandet og frå Sørlandet og nordetter. Der er kortbaneflyplass på Bømoen, men ingen regulære flyruter.
Næringsliv
Voss var frå gamalt av ein jordbrukskommune og er enno den største av dette slaget i Vestland fylke. Det vert særleg drive husdyrhald (kyr og sauer). Fram til etter den andre verdskrigen vart det drive ei utstrekt stølsdrift i kommunen, men dette er det svært lite att av no. Det vert også drive ein del skogsdrift. Utetter siste halvdel av 1800-talet byrja det å koma turistar til bygda, og det vart bygt hotell. Særleg skaut dette fart etter at jarnvegen mellom Bergen og Voss (Vossebanen) stod ferdig i 1883. Seinare er bygda vorte eit av dei større turistsentera i landet. Det er bygt ei rekkje hotell, gjesteheimar, campingplassar og andre overnattingstilbod, og i tillegg til dette ei rekkje aktivitetstilbod for tilreisande, så som riding, kanopadling, golf, sportsfiske, gardsopphald, fallskjermhopping, hanggliding, paragliding og mangt anna. Der er ingen store industriverksemder i kommunen, men ei rekkje mindre, t.d. meieri, mekanisk industri, trevareindustri, sementvarefabrikk og foredling av kjøt.
Remove ads
Folketalsutvikling
Folketalsutvikling for noverande Voss kommune frå 1920:
- a Talet omfattar Bergsdalen og ein del av Eksingedalen, som var del av gamle Evanger kommune, men ved kommunesamanslåinga i 1964 vart del av Vaksdal kommune. Desse områda hadde då 251 innbyggjarar.
Remove ads
Politikk
Heradstyrerepresentantar fram til kommunesamanslåinga
Det første listevalet på Voss vart halde i 1898.
a Venstre og Moderates fællesliste
b De afholdsvenlige Venstres og Moderates liste
c Arbeidardemokratane
d Vossevangens upolitiske valgliste
e Upolitisk liste
f Samhaldslista
g Senterpartiet
Kommunestyrerepresentantar etter kommunesamanslåinga
a Sosialistisk Folkeparti
b Veg- og tiltakslista
c Det Liberale Folkepartiet
d Fellesliste Venstre og Det Liberale Folkepartiet
e Bygdelista
f Raudt
Remove ads
Kjende personar frå Voss
- Brynjulf Bergslien (1830-1898), bilethoggar
- Knut Bergslien (1827-1908), kunstmålar
- Ola Mosafinn (1828-1912), spelemann på hardingfele
- Thrond Sjursen Haukenæs, forfattar (Granvin)
- Knute Nelson (1842-1923), norskamerikansk senator (for Minnesota, 1895-1923)
- Nils Bergslien (1853-1924), kunstmålar
- Per Sivle (1857-1904) forfattar (fødd i Flåm)
- Sjur Helgeland (1858-1924), komponist og spelemann på hardingfele
- Magnus Dagestad (1865-1957), kunsthandverkar
- Lars Eskeland (1867-1942), folkehøgskulestyrar (frå Stord, levde på Voss det meste av sitt vaksne liv)
- Lars Tvinde (1886-1973), skodespelar
- Knute Rockne (1888-1931), trenar i amerikansk fotball
- Sjur Bygd (1889-1985), forfattar
- Martin Mølster (1900-1968), friidrettsutøvar og lærar
- Edvard Natvig (1907-1994), friidrettsutøvar
- Sigbjørn Bernhoft Osa (1910-1990), fiolinist og spelemann på hardingfele
- Hans Skjervheim (1926-1999), filosof
- Jon Hellesnes, filosof, forfattar
- Eirik Kvalfoss (1959), verds- og olympisk meister i skiskyting
- Ingvild Bryn, journalist, nyhendeanker i NRK Dagsrevyen
- Kjetil Rolness (f. 1961), sosiolog, songar
- Arne Hjeltnes, (1963), programleiar på TV 2, fødd i Kristiansand
- Gisle Fenne (1963), skiskyttar
- Kristen Skjeldal (1967), skiløpar
- Per Finne (1968), industridesignar
- Linda Eide (f. 1969) journalist og programleiar
- Gudmund Skjeldal (1970), skiløpar og idéhistorikar
- Hilde Synnøve Lid (1971), freestylekjørar
- Egil Gjelland (1973), verds- og olympisk meister i skiskyting
- Kari Traa (f. 1974), verds- og olympisk meister i fristil (kulekøyring)
- Gro Marit Istad Kristiansen (f. 1978), verdsmeister i skiskyting
- Lars Bystøl (f. 1978), skihoppar
- Lars Skjervheim spelemann på hardingfele
- Jan Einar Thorsen, alpinist
- Hans Engelsen Eide, fristilutøvar (kulekøyring)
- Jon Istad, skyttarkonge og verdsmeister i skiskyting
- Anne Elvebakk, verdsmeister i skiskyting
- Odd Lirhus, skiskyttar og landslagstrenar
- Astrid Lødemel, alpinist
Remove ads
Fotnotar
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads