Springfield i Massachusetts
by i Massachusetts i USA From Wikipedia, the free encyclopedia
Springfield er ein by sørvest i delstaten Massachusetts i USA med 155 929 ibuarar i 2020. Byen er fylkessete i Hampden County og ligg i eit storbyområde med ikring 700 000 fastbuande. Springfield ligg på austbreidda av Connecticut-elva, 39 kilometer nord om Hartford, hovudstaden i Connecticut, på vestbreidda av elva.
Springfield | |||
by | |||
Land | USA | ||
---|---|---|---|
Stat | Massachusetts | ||
Del av | New England | ||
Areal | 85,681505 km² | ||
Folketal | 155 929 (1. april 2020)[1] | ||
![]() Springfield 42.112411°N 72.547455°W | |||
Wikimedia Commons: Springfield, Massachusetts | |||
Historie
Springfield vart grunnlagt i 1636. Under den amerikanske revolusjonen vart Springfield utpeika til å hyse staten USA sitt våpendepot, grunna den sentrale plasseringa til byen. Der laga ein dei såkalla Springfield-riflene, våpenet som soldatane i unionist-hæren nytta under borgarkrigen i USA. Våpendepotet Springfield Armory vart nedlagt i 1968 og er i dag museum. Museet hyser verdas største samling av historiske amerikanske skytevåpen.
I dag er byen den økonomiske hovudstaden i denne delen av Massachusetts.
Den fyrste amerikanske ordboka, den fyrste USA-amerikanske gassdrivne bilen og den fyrste maskinelle dreiebenken med utskiftbare delar, såg alle dagens lys i Springfield. I 1891 vart idretten korgball skapt i Springfield. Bokforlaget Merriam-Webster har hatt hovudkontor i byen sidan det vart grunnlagt i 1831.

Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Springfield, Massachusetts» frå Wikipedia på engelsk, den 1. mai 2023.
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.