Stéphane Mallarmé

From Wikipedia, the free encyclopedia

Stéphane Mallarmé
Remove ads

Stéphane Mallarmé (døypenamn Étienne Mallarmé; 18. mars 18429. september 1898) var ein fransk forfattar, lærar og litteraturkritikar. Han var ein betydeleg symbolistisk diktar i Frankrike på slutten av 1800-talet, og inspirerte fleire revolusjonære kunstnaristiske retningar tidleg på 1900-talet, mellom anna kubisme, futurisme, dadaisme og surrealisme. Han var såleis ein viktig forløpar for modernismen i litteraturen.[1]

Kjappe fakta
Remove ads

Liv og virke

Mallarmé vart fødd i Paris og voks opp i nærleiken av den franske hovudstaden og i Sens. I 1863 byrja han å jobba som engelsklærar i den vidaregåande skulen. Lærargjerninga, som han mislikte intenst i, førte han i åra 1863-70 til Tournon, Avignon og Besançon. Desse åra i provinsen var ein tung periode for Mallarmé, prega av einsemd og dystre, metafysiske spekulasjonar. Då han i 1870 fekk ei lærarstilling i Paris tok livet hans ei lysare vending. Mallarmé fekk etter kvart ry som den fremste representanten for dei modernistiske straumdraga i litteraturen, særleg frå midten av 1880-åra. Den vekentlege tysdagssalongen hans blei ein ynda samlingsstad for den yngre garden av diktarar, særleg symbolistane.[2] Mallarmé døydde i 1898 i sommarhuset sitt i Valvins på landsbygda utanfor Paris.

Remove ads

Dikting

Thumb
Stéphane Mallarmé måla av Édouard Manet.

Mallarmé skreiv både poesi i bunden form, prosadikt og sakprosa, men gav ut svært lite. I 1897 blei nokre prosatekstar samla og gitt ut under tittelen Divagations. Den samla poesien i bunden form blei gjeven ut posthumt i 1899 (Poésies). Stilen til Mallarmé var i byrjinga svært prega av ungdomshelten hans Charles Baudelaire, men utvikla seg etter kvart til ein helt særeigen stil. Språket til Mallarmé er svært kompakt, og dyrkar kunsten å antyda. « Å nemna ein gjenstand, det er å fjerna tre firedelar av den poetiske nytinga som består i å gjetta seg fram: å suggerera han, det er målet, » skriv Mallarmé i Divagations.[3][4] Denne estetikken gjer at tekstane til Mallarmé verkar mystiske og vanskeleg tilgjengelege.

I det kanskje mest kjente diktet til Mallarmé, Un Coup de dés jamais n'abolira le hasard, eksperimenterer han med typografiske effektar ved å spreia teksten utover sida og nytta ulike skrifttypar og skriftstorleikar. Andre svært kjente mallarmédikt er « Ses purs ongles très haut... », Hérodiade og L'après-midi d'un faune. Mallarmé omsette òg dikt av amerikanske Edgar Allan Poe.

Mallarmé sine prosaverk omfattar innverknadsrike tekstar om litteratur og kunst (biletkunst, musikk og dans), om politikk og om religion. Han skreiv dessutan ei lærebok i engelsk (Les mots anglais), omsette ei lærebok om mytologi (Les dieux antiques) og gav pseudonymt ut åtte nummer av eit dameblad (La dernière mode).

Både gjennom det lyriske verket sitt og gjennom dei teoretiske tekstane sine fekk Mallarmé betydeleg innverknad på litteratur og kunst på 1900-talet.[5] Både disiplar som Paul Valéry og Paul Claudel, og eit breitt spekter av seinare diktarar blei påverka av Mallarmé. Verka hans inspirerte òg komponistar som Claude Debussy, Maurice Ravel og Pierre Boulez. Mallarmé står i dag som ein av dei fremste representantane for modernismen i litteraturen.

Remove ads

Bibliografi

Thumb
Stéphane Mallarmé framstilt som faun, omslag på litteraturmagasinet Les hommes d'aujourd'hui, 1887.
Franske utgjevingar
  • L'après-midi d'un faune, 1876
  • Les mots anglais, 1878
  • Les dieux antiques, 1879
  • Album de vers et de prose, 1887
  • Pages, 1891
  • Divagations, 1897
  • Un coup de dés jamais n'abolira le hasard, 1897
  • Poésies, 1899
  • Vers de circonstance, 1920
  • Igitur, 1925
  • Pour un tombeau d'Anatole, 1961
Norske utgjevingar
  • Utvalgte tekster (1983). Oversatt av Jan Jakob Tønseth og Arne Kjell Haugen. Gyldendal ISBN 82-05-14677-2 (Oversettelser av prosadiktene, Un coup de dé..., samt utdrag fra « Crise de vers »)
  • For en grav til Anatole (1996). Oversatt av Knut Stene-Johansen. Spartacus ISBN 82-430-0080-1 (Oversettelse av Pour un tombeau d'Anatole)
  • Enkeltdikt har blitt gjendiktet av Emil Boyson og av Olav H. Hauge

Kjelder

Litteratur

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads