St Alban's Head
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads

St Alban's Head er eit nes fem kilometer sørvest for Swanage, på kysten av Dorset i England. Neset består av portlandssandstein og er den sørlege delen av Purbeckhalvøya. Det er hogge ut mykje stein frå neset og det er tydelege spor etter dette.
Kysten frå St Alban's Head til Durlston Head, med Isle of Portland til Studland Cliffs, dannar ei 40 km lang samanhengande kystlinje av klipper. Dei består av hard kalkstein med enkelte område med mjukare klipper av sand eller leire.
Området er erklært Special Area of Conservation, eit særskilt verneområde.
I skråninga på neset står eit monument til utviklinga av radaren under den andre verdskrigen. Det står òg ein kystvaktstasjon på neset.
Remove ads
Galleri
- Sandsteinsklipper like aust for St Alban's Head
- Gamle kystvakthytter på St Alban's Head
- St Aldhelm-kapellet på St Alban's Head
- Radarminnesmerket på St Alban's Head
- Freestone-monolitt på St Alban's Head Quarry
- St Alban's Head frå Egmont Bight
Bakgrunnsstoff
- Ian West's Geology of the Wessex Coast Field Guide, med bilete
- National Coastwatch Institution på St Alban's Head Arkivert 2007-06-20 ved Wayback Machine.
- Radar-minnesmerket på St Aldhelm's Head
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads