Swanage
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Swanage er ein liten kystby søraust i Dorset i England. Han ligg aust på Isle of Purbeck, om lag 10 km sør for Poole og 40 km aust for Dorchester. Byen har kring 10 000 innbyggjarar. I nærleiken ligg Ballard Down, Old Harry Rocks, med Studland Bay og Poole Harbour i nord og Durlston Bay og Durlston Country Park i sør.
Byen, som opphavleg var ein liten hamneby og fiskelandsby, blømde i victoriatida, då han vart ei viktig utskipingshamn for stein og seinare ein feriestad for dei rike. I dag er byen framleis ein populær turiststad, som i dag er hovudnæringa her. Her finst sandstrender og fleire andre attraksjonar.
Byen ligg heilt aust på Jurassic Coast, ein verdsarvstad.
Panoramabilete
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads