Stakitt
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Stakitt er ein gjerdetype laga av loddrette lekter eller plankar festa til eit par vassrette spikarslag. Lektene er ofte spissa eller utskorne på toppen.

Ordet stakitt kjem via lågtysk frå italiensk og er avleidd frå stecca, 'liten stokk'.[1]
Stakittgjerde er gjerne måla, og kan ofte vera kvite. Sjølv om dei tradisjonelt er av tre, finst det no også stakittgjerde laga av materiale som PVC.[2]

Remove ads
Kulturell tyding
Stakittgjerde, særleg kvitmåla variantar, har ein ikonisk status i USA som ein del av den ideelle forstadsbustaden.[3] I tidlegare tider hadde mange område reglar som kravde at ein hadde kvitt stakitt langs eigedomsgrensene sine.[4]
I kritikkar av forstadslivet kan stakittgjerdet brukast som eit ironisk symbol, til dømes i filmen Blue Velvet av David Lynch.[5]
Galleri
- Umåla stakittgjerde i Bloominigton i Indiana
- Kvitmåla stakitt i Monroe County i Indiana
- Stakitt i Redlands i California
- Stakitt i Oakville i Ontario
- Kvitt stakitt i Queensland i Australia
- Stakittgjerde i Dřevěnice i Tsjekkia
- Hagegjerde i Japan
- Stakitt rundt ein pietàheilagdom i Slovenia
- Blått stakitt i Hellas
- Stakittgjerde langs ei bratt gate i Dunedin på New Zealand.
- Bølgjande stakittgjerde i Slovenia
- Fargerikt stakitt i Montmartre i Paris
- Historiske bilde
- Stakittgjerde ved Ellingsbø i Heidal i Oppland, fotografert i 1898.
- Nuthurst i Sussex ca. 1900
- Stakitt i Belfort i Frankrike i 1944
Remove ads
Kjelder
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads