Stamsild

fiskeart From Wikipedia, the free encyclopedia

Stamsild
Remove ads

Stamsild (Alosa fallax) er ein anadrom sildefisk som lever ved kysten av Europa til Nord-Afrika. I Noreg vert arten stundom fanga langs kysten nord til Bergen, men han er ikkje vidare vanleg.

Kjappe fakta
Remove ads

Kjenneteikn

Stamsilda er ein stor sildefisk med sølvblanke sider og lange, tynne skjel som sit laust og dannar ein rad taggar under buken. På sidene har ho frå seks til åtte mørke flekkar. Ho kan lett forvekslast med maisild, men har færre gjellestavar; vanlegvis 40-60 på første gjelleboge mot maisilda sine 90-120. Ho er òg noko mindre; vanleg lengd er 50-60 cm. Maksimalvekta ligg på 1,5 kg.

Levesett

Stamsild lever pelagisk i salt- og brakkvatn ned til 300 m djupn. Dei lever i stimar, og et som regel planktoniske krepsdyr og fiskeyngel. Om våren går dei opp i elver for å gyte, vanlegvis rundt midnatt over sand- eller grusbotn. Sidan dei vaksne individa er dårleg tilpassa ferskvatn, går dei sjeldan særleg langt opp i gyteelva - stundom skjer gytinga heilt nede i brakkvassområdet. Mange av dei vaksne døyr likevel kort etter at gytesesongen er slutt.

Yngelen klekkjer etter tre dagar til ei knapp veke. Etter få månadar vandrar dei ut i elveosen, og er då 6-8 cm lange. Vinteren året etter vandrar dei ut i havet.

Remove ads

Kjelder


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads