Standardatmosfære

From Wikipedia, the free encyclopedia

Remove ads

Standardatmosfære (symbol: atm) eller normalatmosfære er ei måleeining for trykk. Det er ikkje ei SI-eining. Den tiande Conférence Générale des Poids et Mesures[1] (Tiande CGPM) godkjende standardatmosfære for generell bruk og definerte han til å vere nøyaktig 1 013 250 dyn per cm2 (101 325 Pa). Denne verdien skal representere det midla lufttrykket i havnivå i Paris, men i praksis representerer han middeltrykket i havnivå for mange av dei av områda på liknande breiddegrad som Paris.

Remove ads

Andre verdiar

Eit trykk på 1 atm kan òg skrivast som:

≡1,01325 bar
≡101325 Pa
≡1013,25 millibar (mbar, eller mb)
≡760 torr
≈1,033 227 452 799 886 kp/cm2
≈1,033 227 452 799 886 teknisk atmosfære
≈1033,227 452 799 886 cm–H2O, 4 °C[a]

Bruk

I kjemi er standardtemperatur og standardtrykk definert som referansetemperaturen 0 °C og trykk på 1013,25 hPa (1 atm).

I dykking brukar ein stundom ordet atmosfære i staden for 1 bar (1000 millibar, eller 1000 hPa).

Eininga teknisk atmosfære (at) er om lag lik overtrykket under 10 meter vatn. 1 at ) 98066,5 Pa (980,665 hPa)

Meir informasjon Pascal (Pa), Bar (bar) ...

Døme: 1 Pa = 1 N/m²  = 105 bar  = 10,197×106 ved  = 9,8692×106 atm osv.
Merk: mmHg er ei forkorting for millimeter kvikksølv, og kalla torr.

Remove ads

Merknadar

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads