Washington

From Wikipedia, the free encyclopedia

Washington
Remove ads

Washington er ein delstat i det nordvestlege hjørnet av USA. Hovudstaden er Olympia og den største byen er Seattle. Mellom byane Seattle og Tacoma ligg Sea-Tac International Airport. Delstaten har om lag 6 millionar innbyggjarar og eit areal på 176 620 km².

Denne artikkelen handlar om delstaten Washington. For hovudstaden i USA, sjå Washington, D.C..
Kjappe fakta Land, Hovudstad ...

Washington vart amerikansk delstat i 1889. Han er den einaste delstaten som er oppkalla etter ein president i USA. Delstaten vart oppkalla etter den fyrste presidenten i USA, George Washington. Statens blom er rhododendron som veks godt i den sure jorda vestpå, og som veks vilt på Kitsap Peninsula heilt i vest.

Remove ads

Geografi

Langs med kysten ligg det store, nedbørrike område som er godt eigna for skog- og jordbruk. Lenger austover ligg den alpine fjellkjeda Kaskadefjella (Cascade Mountains) som går nord-sør. Her ligg òg vulkanen Mount Rainier som er eit kjent landemerke i delstaten. Aust for Kaskadefjella ligg det flate område, med byane Yakima og Spokane, der det fell lite nedbør.

Næringsliv

Dei mest kjende selskapa i delstaten er antakeleg Microsoft og Boeing. Delar av den amerikanske Stillehavsflåten har sine basar i delstaten.


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads