Statsråd Rolf Jacobsen
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Rolf Jacobsen (30. november 1865–22. februar 1942) var ein norsk jurist og Venstre-politikar. Han var statsråd 1924-26 i den første Mowinckel-regjeringa. Albert Jacobsen var far hans, Oscar Jacobsen farbror hans.
- For lyrikaren, sjå Rolf Jacobsen.
Jacobsen var fødd i Fredrikstad. Han tok examen artium i 1881 og vart cand.jur. i 1885. Han var 1885-90 fullmektig hos sorenskrivaren i Nordre Gudbrandsdalen. Advokatfullmektig i Kristiania 1890-93, samstundes som han arbeidde med å utarbeide eit nytt panteregister for Aker sorenskriveri. Høgsterettsadvokat i Kristiania 1893-1903. Sidan var han sorenskrivar i Steigen frå 1903 og i Vinger og Odalen 1917-24 og 1926-36.
Jacobsen var medlem av Narvik formannskap 1907-10, ordførar 1910-11 og varaordførar ein periode, 1912-14. Medlem av Vinger heradsstyre 1919-25 og 1928-36.
Jacobsen var innvald på Stortinget frå Nordre Salten krins i Nordland 1913-1918, og var heile tida formann i konstitusjonskomitéen. Han var aktiv i fråhaldsrørsla, og støtta opp om brennevinsforbodet. Jacobsen var forsvarsminister i Johan Ludwig Mowinckels første regjering som styrte Noreg frå 25. juli 1924 til 4. mars 1926.
Remove ads
Kjelder
- Lindstøl, Tallak: Stortinget og Statsraadet 1814-1914. Kristiania, 1914
Bakgrunnsstoff
- Biografisk informasjon om Statsråd Rolf Jacobsen NSD Norsk senter for forskningsdatas politikararkiv
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads