Stavanger domkyrkje

From Wikipedia, the free encyclopedia

Stavanger domkyrkje
Remove ads

Stavanger domkyrkje er den eldste domkyrkja i Noreg, frå 1100-talet, hovudsakleg bygd i kleberstein. Ho er hovudkyrkja i Stavanger bispedøme. Kyrkja ligg ved Breiavatnet midt i Stavanger. Like ved ligg Stavanger katedralskole.

Kjappe fakta Land, Fylke ...
Thumb
Preikestolen i Stavanger domkyrkje.
Remove ads

Historikk

Biskop Reinald, som skal ha kome frå Winchester i England, starta på byrjinga av 1100-talet med å byggja ei domkyrkje i Stavanger. Katedralen stod ferdig kring 1125 eller noko seinare. Byen Stavanger reknar 1125 som det året då byen vart grunnlagd. Katedralen vart vigsla til treeininga og den heilage Svithun, som var vernehelgen for byen.

Thumb
Vestsida og inngangen til domkyrkja,
Foto: Helge Høifødt

Stavanger vart herja av brann i 1272, og kyrkja vart sterkt skadd. Kyrkja vart bygd opp att av biskop Arne. Kyrkja hadde frå starten vore bygd i romansk stil, men vart bygd på i gotisk stil. Biskop Arnes kor med den storstilte gotiske austfronten vart reist. I tillegg vart det reist eit smalt tilbygg i vest, vestfronten.

Remove ads

Herjingar

Etter reformasjonen blei kyrkja plyndra og relikviar brunne av kommandant Thord Rod. I 1558 henta danskekongen ut fem av kyrkjeklokkene, som ein endå skal kunna høyra utanfor Håstein, der skipet som bar dei forliste.

I 1682 avgjorde kong Kristian V av Danmark-Noreg at bispesetet i Stavanger skulle flyttast til Kristiansand. Bispesetet og Stavanger bispedøme vart oppretta att til Stavanger og domkyrkja sitt åttehundreårsjubileum i 1925. Kong Haakon VII av Noreg sette inn Jacob Christian Petersen som den fyrste biskopen av Stavanger på 250 år.

Restaurasjon

I samband med ei restaurering i 1860-åra vart katedralen endra på utsida. Steinveggane vart pussa og måla over. Kyrkja hadde ikkje lenger så sterkt preg av mellomalderen. Ei større restaurering under leiing av Gerhard Fischer frå 1939 til 1964 førte mykje av mellomalderpreget attende. Det vart mellom anna sett inn nye skulpturar på austfronten av kyrkja. Ei større restaurering vart òg gjort i 1999.

Remove ads

Bakgrunnsstoff

Commons har multimedium som gjeld: Stavanger domkyrkje


Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads