Stein Rokkan
From Wikipedia, the free encyclopedia
Remove ads
Stein Rokkan (4. juli 1921–22. juli 1979) var ein norsk statsvitar og sosiolog. Frå 1966 var han professor i samanliknande politikk ved Universitetet i Bergen,[1] og året etter han døydde vart Institutt for samanliknande politikk skipa der. Stein Rokkan var utdanna innan filosofi, og assisterte Arne Næss i 1950- og 1960-åra. Deira vitskaplege krins skipa Institutt for samfunnsforsking i Oslo i 1950. Frå då hadde Rokkan ei viktig rolle i oppbygginga av samfunnsfaga, statsvitskapen og særleg samanliknande politikk, i Noreg.
Rokkan var oppteken av å studera politiske prosessar, parti og konfliktar. Han er kjend for sin innsats for å ta i bruk dataverktøy innan samfunnsvitskapane.
Remove ads
Rokkan sine to kanalar for innflyting
Stein Rokkan skilde mellom hovudsakleg to kanalar for politisk makt i eit demokrati. Ein kanal er den talmessige eller numeriske der røyster gjevne i val og gjev grunnlag for parlamentarisk makt. Ein annan kanal er den korporative. I den korporative kanalen påverkar styrken til organisasjonane kva som vert avgjerda i politiske saker. Rokkan formulerte det som «votes count, but resources decide», stemmar tel, men ressursar avgjer. Dei folkevalde tek sine avgjerder under påverknad av interesseorganisasjoner.
Remove ads
Rokkan sine modellar
Rokkan står bak ei rad modellar for stats- og nasjonsbyggingprosessar, med særleg tanke på Europa. Blant dei kan nemnast modellane for dei fire fasane for stats- og nasjonsbygging, dei fire revolusjonane, dei fire kritiske valpunkta for partidanning, dei fire institusjonelle tresklane for politisk deltaking og skiljelinemodellen. Historikaren Jens Arup Seip var svært kritisk til dei sterkt generaliserande modellane til Rokkan, og meinte Rokkan tvinga europeisk historie inn i «modellenes tyranni». Til dette svara Rokkan at Seip på si side ikkje greidde å fanga opp dei store linene i historia, og leid under «detaljenes tyranni».
Fire kritiske valpunkt er ein av Rokkan sine modellar og gjeld stats- og nasjonsbyggingprosessar:
Remove ads
Verv
- President i International Political Science Association (1970-73)
- Visepresident i International Sociological Association (1966-1970)
- Formann i European Consortium for Political Reserach (1970-1976) som han var ein av intiativtakarane til
- President i International Social Science Council under UNESCO (1973-1977)
- Formann i Nordisk Forbund for Statskundskab (1975-1976) som han tok iniativ til etableringa av
- Fagleg leiar for Norsk samfunnsvitenskapleg datatjeneste (1975-1979) som han stod i bresjen for å etablere og byggje ut.
Heider og ære
Innan European Consortium for Political Reserach vert det heldt ein Stein Rokkan førelesing ved det årlege arrangementet «Joint Sessions og Workshops». International Political Science Association har oppretta eit Stein Rokkan Memorial Fund som skal brukast til studentreisestipend. International Social Science Council har oppretta ein Stein Rokkan pris for framdragande forskingsbidrag av yngre forskarar, og det same har Norsk samfunnsvitenskapleg datatjeneste gjort. I 1979 vart Rokkan utnemnd til kommandør av St. Olavs Orden.[2]
Remove ads
Kjelder
Bakgrunnsstoff
Litteratur
Wikiwand - on
Seamless Wikipedia browsing. On steroids.
Remove ads