Steinsdalsfossen

From Wikipedia, the free encyclopedia

Steinsdalsfossenmap
Remove ads

60.3705°N 06.1040°E / 60.3705; 06.1040

Kjappe fakta Land, Fylke ...

Steinsdalsfossen (i tillegg kalla Øvsthusfossen eller Øfsthusfossen) ligg 2 kilometer vest for Norheimsund i Kvam herad i Hardanger.

Fossen er ein av dei mest vitja i Noreg, og er spesiell fordi det går ein sti bak han som ein kan gå tørrskodd på. Fossen har eit fall på 50 meter og rimeleg god vassføring, særleg under snøsmeltinga i mai og juni.

Steinsdalsfossen er ein del av Fosselva som har sitt utspring frå Myklavatn som ligg 814 moh. Fossen vart danna i 1699 då elva fann eit nytt løp.[1]

verdsutstillinga i Hannover i år 2000 var Noreg representert med ein installasjon av Marianne Heske der ein stilisert kopi av Steinsdalsfossen var ein viktig del. Denne «fossen» var 15 meter høg.[2]

Remove ads

Galleri

Kjelder

Loading related searches...

Wikiwand - on

Seamless Wikipedia browsing. On steroids.

Remove ads